Opshaug Sandtak søker fremtidsretta leiar

Dagleg leiar

Opshaug Sandtak er inne i ei ekspansiv fase med store nye anleggsprosjekt og spennande samarbeidspartnarar. Vi søker no etter ny dagleg leiar som vil få det overordna ansvaret og skal bidra til at selskapet styrker sin posisjon og kjerneverksemd.

Vi ser etter en kandidat med høgare utdanning, helst innan økonomi og leiing, som kan vise til gode resultat. Stillinga rapporterer til eigarar og styret i Opshaug Sandtak AS.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar og dagleg leiing av selskapet

  • Koordinering av driftsområda i selskapet

  • Økonomistyring, inkludert prosjekt

  • Strategi- og forretningsutvikling

  • Delta i oppfølging av eigedoms- og utviklingsprosjekt

  • Være en synleg leiar både internt og eksternt 

Eigenskapar og erfaring:

  • Tydeleg, synleg og samlande leiar

  • Omgjengeleg, med evne til å mobilisere bedriftas eigne ressursar

  • Strukturert og målretta

  • Økonomisk forståing og teft

  • Gjerne kjennskap til anleggsbransjen

 

Vår nye leiar må samtidig ha pågangsmot, være initiativrik og løysingsorientert. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt.

Opshaug er ei tradisjonsrik bedrift med spennande framtidsplaner. Vi kan tilby gode lønns/arbeidsbetingelser og spennande arbeidsoppgåver i  eit godt faglig og sosialt miljø.  

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Lars Tore Opshaug i Opshaug Sandtak AS +47 958 30 129, eller bedriftsrådgiver i MRB AS Jan-Inge Sætre +47 905 16 715

Registrer søknad og CV på finn.no innan 07.04.2019

Om Opshaug Sandtak AS

Opshaug Sandtak AS er ein av dei største aktørane på betong, anleggsverksemd og masseleveransar på Sunnmøre. Vi har over 60 års fartstid i bransjen og våre 45 ansatte har lang erfaring og gode kunnskapar om faget. Opshaug Sandtak AS driv verksemd over heile Nordvestlandet, med base i Stranda Kommune på Sunnmøre.

Vi utfører gravetjenester, sprenging og transport til alle typar grunnarbeid. Opshaug leverar også ferdigbetong til små og større prosjekt. Vi har mobile knuseverk og kan levere alle typar knuste fraksjonar til konkurransedyktige prisar, inkludert naturmurstein, frå våre massetak på Stranda og i Brattvåg.

Miljøfilm om Opshaug Sandtak AS

opshaug_lite.jpg